mandag 5. oktober 2009

Kva betyding har tekster frå middelalderen for oss i dag?


No har vi lest tekstar frå middelalderen, og eg vil snakka litt om kva verdi dei kan ha for oss som levar i dag.
For det første gjer dei oss innsikt i korleis dei skreiv og kva som var viktig for folk på den tida. Det betyr at dei er viktige for at vi skal kunne forstå og lære korleis samfunna var før. Me kan og sjå at det var særtrekk i dei forskjellige litteraturstilane, slik som det også er i dag, og at dei brukte mye rim og rytme som gjorde at tekstane var lette og hugsa. Oftast jekk historiene munnleg frå person til person, og då var det best om dei hadde rim som gjorde dei lettare og hugsa. Eg synas sjølv at vi bør ta vare på alle tekstar frå tidlegare tidar fordi dei kan læra oss mykje om historia, og dei lærar oss også om språkutviklinga. F. eks. kan vi sjå at språket var norrønt, og likna ganske mykje på islandsk. Altså kan vi sei at gammalt norsk eigentleg er islandsk.
Tekstar frå middelalderen handlar om gudar og heltar, og eddadikta er gode eksempla på det. Ut i frå å ha lest nokon eddadikt kan eg sei at folk i middelalderen virka veldig opptatt av gudar, og dei fortalte historia om dei i form av eddadikt. Men me skal merka oss at det ikkje var same religionen på den tida, då hadde dei gudar som Tor med hammaren, Frøya og Odin (som er på bildet, sammen med sin faste følgesvenn Sleipner), mens når har me 5 verdensreligionar kor dei har forskjellige gudar.
Eg har lest eit utdrag frå Egilssoga, og eg skal nå snakka litt om kva verdi den teksten har for oss i dag. I utdraget blir vi kjent med Egil som var en sterk gut, og han kunne bli hissig og da hadde han lett for og sloss. I utdraget las eg også at dei hadde ein form for ball-leik på Kvitåvollane i starten av vinteren, og her ser vi kanskje eit av utspringa til det vi i dag kallar fotball eller handball. Vi ser også at idrett var ein viktig del av livet også då.
I utdraget forteljas det at Egil hogg ei øks i hjernen på ein anna gut. Dette ville i dag virka heilt brutal, men det virka som om det ikkje var så uvanleg på den tida. Det var jo vikingtid og kanskje folk var vane med å sjå slike ting. I dag finnes det jo også folk som gjør slik, men nå bler dei straffa på ein annan (og strengare) måte enn før. Ikkje for å forsvara dei som gjør slikt, men grunnen til dei gjør det kan kanskje ha med at folk tidlegare ikkje såg på det som veldig brutalt. Ikkje veit eg.
Oppsettet i teksten er litt annleis enn det vi er vane til i dag, og det er en såkalla sagastil oppsett. Ved å studere slike tekstar kan vi lære mykje av litteraturutviklinga, og det meiner eg er bra. Til slutt vil eg konkludera med at Egilssoga har ein viktig verdi for oss i dag, og den kan fortelja oss mykje om korleis samfunnet var på den tida. I tillegg forteljar den oss om korleis litteraturen var på den tida. Min personlege meining er derfor at tekstane frå middelalderen er viktig for oss som lever i dag.

Nå skal eg byta tema og snakka litt om korleis det var å bruka wiki i denne arbeidsperioden.Først vi eg sei at eg synas bruk av wiki i vårt arbeid med litteratur og litteraturhistorie har vore kjekt. Eg følte det var meir motiverande å arbeide på ein annleis måte enn før, og eg trur ikkje eg er aleine om å synes det. Eg følte også at arbeidet gikk bra, og at vi i tillegg kunne vi bruke forskjellige nettenester var både lærerikt og gøy (når eg seie nettenester meinar eg f. eks. tidslinje på dipity.com).
På framføringane av wikiane kunne vi sjå at dei hadde eit særpreg, og at dei fleste gruppene hadde lagt ned mykje energi og tid i sitt arbeid, noko som igjen gjorde at resultata blei bra. Eg hadde verkeleg sansen for å arbeida på denne måten, og håper at vi kan gjere det meir og ofte.
Kilder:
B.H. Dahl med flere, 2007, Grip Teksten Vg2, Aschehoug, side 26-40 og 279-281
Bildet er cc-lisensiert og lastet opp den 5. oktober 2009 fra denne siden

Ingen kommentarer: