tirsdag 9. februar 2010

Referat av sakprosatekster og handlingsreferat av noveller

Eg har nå lese 3 sakprosatekster og 3 handlingsreferat av novellene, og skal nå skriva referat til kvar av sakprosatekstene og 3 handlingsreferat av novellene.

Den fyrste er skreve av Are Kalvø og heitar ”Det folk vil ha”.
Den handlar om alle de folka som ”representerar” befolkninga i vårt land gjennom spørjeundersøkinga. Han fortel om kor lei han er av at folk som politikarar står og seier kva heile befolkninga vil ha, eller at folk som intervjuarane treffer skal representere oss og seie kva vi vil. Ofte er desse folka imot også, og som regel er det mange eldre folk som blir spurt i spørjinga.
Kalvøs synspunkt er at han ikkje vil at politikarane eller andre ukjente skal snakke på vegne av oss, fordi vi er en stor befolkning og alle har forskjellige meiningar. Synspunktet hans kjem fram fordi han gjentar at folk ikkje er like og i kvart fall ikkje like dei som blir intervjua på nyheitene eller deltar i spørjeundersøkinga.
Den andre teksten er også skreve av Are Kalvø og den heitar ”Gjer leksene dine gut”.
Denne teksten handlar om at når du har noko du skal gjere bør du starte i god tid, slik at du slipp å gjere rett før leveringsfristen fordi da stressar du og gjer småfeil som kunne vore luka bort. Altså handlar den om å disponera tida si.
Are sitt hovudsynspunkt er at folk skal disponera tida si, og ikkje venta til siste kvell før en startar. Han har gjort det før, og då lønna det seg ikkje for då måtte han droppe ting for å gjer oppgåva.
Grunnen til Are skriv om disponering av tida er fordi han meinar det var slik dei gjorde på klimamøtet i 2009, då hadde dei ikkje planlagt det skikkeleg og dei måtte sitta til langt på natt for å bli ferdig.
Den siste teksten er skreve av Kjartan Fløgstad og heitar ”Ikkje Amerika, men Amerika”.
Denne teksten handlar om at det er vanskelig å læra om Sør-Amerika, i kvart fall vanskeligare enn Nord-Amerika. Elevane får meir tid til å arbeida med Nord-Amerika og dette kontinentet har ikkje så mange forskjellige land, og heller ikkje så ulik kultur som den vi har i Noreg. Mens Sør-Amerika og Mellom-Amerika har fleire små land, som er vanskelige å skilja mellom. Derfor meiner Fløgstad at sør og mellom Amerika burde vore eit valfritt ”sidemål” i geografifaget. Han vil også at ein skal ha ein prøveperiode kor ein stryk Sør-Amerika frå verdskartet og berre fokuserar på Nord Amerika. Hovudsynspunktet til Fløgstad er at han vil ha bort Sør-Amerika frå undervisninga og han seie at vi like gjerne kan sletta kontinentet frå verdskartet. Truleg er denne teksten skrevet med ein del ironi, og metaforar (Nord Amerika – bokmål og Sør Amerika – sidemål), for sjølvsagt kan ein ikkje berre sletta eit kontinent (nynorsk) som er der, og som har så mykje historie som det Sør-Amerika (nynorsken) har.

Få meg på, for faen handlar om ei som drømmar om å vera på tv. Ho går rundt og tenkar på kva ho skal seie, men ingenting skjer og ho endar på jobb igjen.
Temaet er kven er folk flest, det er ikkje alltid folk kan vera det dei har lyst til. Ho her har lyst å vera kjendis på tv, men ho må på jobb.
Nygift handlar om ei som les eit vekeblad. Der finner ho ei novelle som ho les for ei gamal dame på gamleheimen kor ho jobbar. Den handlar om ein mann og om bryllaupsreisa hans og kona, og ho får forstillingar om at det er mannen hennas det står om. Ho blir til slutt sjalu og irritert fordi ho meinar det er mannen hennas og at han må ha treffet ho som skriv novella etter dei har blitt gift. Når ho har lest ferdig novella har den gamle dama ho les for sovna, og då ringer ho for å sjekke om mannen hennes er heime. Klokka er halv fire, men likevel ringer ho og det viser at ho ikkje stoler på han og at ho er sjalu.
Tema kan vera sjalusi og tillit.
Den grøne kommoden handlar om eit par kor dama vil gjera det slutt. Ho seie at ho gjer det slutt med han, men alt mannen bryr seg om er den grøne kommoden som dei har hatt i huset. Ho har vore utro, men han bryr seg ikkje noko serlig at ho går. Kommoden er eit minne av dei to, noko dei hadde felles og mange av hans minner er knyta til den kommoden. Det er grunnen til han vil ha den.
Temaet har noe med eit forhold å gjera, om minner (som kommoden er) og om kven som eigentleg har makta.
Verkemidlet som blir brukt er symbola (kommoden symboliserar forholdet og minna deira).